Kunsthistoriker Jorunn Veiteberg skrev i 2019 rapporten "Å samle kunst - Samlingsutvikling ved norske kunstmuseum på 2000-tallet". Bakgrunnen for denne rapporten er Kulturdepartementet sitt ønske om ei kartlegging av samlingsutviklinga ved fjorten norske kunstmuseum i perioden 2000 til 2016. Målet har vore å få fram korleis desse musea byggjer samlingar, korleis samlingane har utvikla seg, og kva samanheng det er mellom samlingsutvikling og samtida sine kunstpraksisar.